
(Foto: Ingeborg Hjalland Ulla)
Mårem og heimstaulane.
I gamal tid hadde kvar gard heimstaule. Dit drog dei med mjølkekyrne tidleg på sumaren, og så vidare til fjellstaulane når det hadde blitt beite i fjellet. På Mårem var det seks gardar. Kvar av dei hadde heimstaulen berre fem – seks kilometer lengre nord, på vestsida i Gauset. Der låg staulane etter kvarandre på rad: Torjershus, Kåteflot, Sjinover, Stuveru, Flugo (nord og sør) og Sandan.
Gjennom dei siste tohundre åra har det vore eit stort spenn når det gjeld bruken av desse staulane. I Tinnsoga og andre kjelder kan vi finne at fleire av staulane vart tekne i bruk som bustader i overbefolkingsperioden på 1800-talet. Da må vi tru at nokre av dei heller er å rekne som husmannsplassar ei tid. Det har budd folk på Kåteflot, Flugo og Stuveru. På den sistnemnde budde det folk så tidleg som i siste halvdel av 1700-talet (stadfesta i rettssaka mot mordaren Jon Fangjin). Kanskje har Stuveru opphavleg vore husmannsplass og ikkje staule. På to stader, Torjershus og Sandan, var det staulsdrift opp mot vår tid. På Torjershus heilt til tidleg på 1980-talet.
Dersom vi i vår tid ruslar ein tur i dette gamle staulsområdet, vil vi finne ut at nokså mange av dei gamle tømmerhusa framleis står, både situbu, fjøs og høyløer. Berre på Su-Flugo er alle dei opphavlege husa borte. På Sandan er det fint, med vide, flate enger ut mot Mår. Tinn Skilag bygde sin største hoppbakke her. Den var i bruk frå rundt 1950 til utpå 1970-talet. Ein av staulane skil seg markant ut, og det er Sjinover. Det er ikkje likt ein staule lenger, men har blitt ein gard. Namnet er heller ikkje der lenger, garden heiter Frøvoll. Det blir meir om Sjinover/Frøvoll i ein seinare artikkel.
Litt om stadnamna: I Kåteflot finn vi sannsynlegvis hokjønnsordet kote som tyder lita hytte sett saman med ordet for flat. Flugo er fleirtalsforma i dativ av det norrøne inkjekjønnsordet flog som tyder bratt fjellside (flogunum). I åssida ovanfor Flugo ligg det høge, stupbratte berget som vi i dag kallar Sandanberje. Det ligg der som eit stengsel like frå snaufjellet og nesten ned til Mår. Staulsnamn som endar på –hus, som Torjershus, har vi ikkje mange av her i Tinn. Dette sisteleddet er vanlegare i gardsnamn, som for eksempel Lofthus og Bakhus.







